Du og du kor artig det er med kor!! No sit eg i godstolen min og høyrer på opptak frå
øvingshelga vi har hatt. Det er forresten eit veldig nyttig verktøy å ha - ein Edirol opptakar som tek opp veldig bra lyd på ein enkel måte. No kan eg sitte i ro og fred og analysere, notere, flire litt, smile mykje og
glede meg til vi skal få syne fram vår nye kabaret.
Åmdalskoret berre damer er ein kreativ gjeng, og kabareten vi no har laga er nr. 4 sidan vi vart damekor. Denne gongen har vi leita fram mange fine, kule, artige og spreke songar frå 1930 og fram til i dag.
Til våre tre første kabaretar nytta vi innspelt akkompagnement. Det har fungert veldig bra, men i år fekk vi lyst til å prøve noko nytt. Derfor har vi fått med oss dyktige musikarar som vil vere vårt eige husorkester på førestillingane. Helge Berg på tangentar, Mattis Moviken på trommer og Kjell Ove Aaberg på bassgitar.
Vi har mykje spennande å by på, så vi håper at vi får fulle hus i mars når kabareten vert sett opp på
Ørsta kulturhus.
Denne fine plakaten er det Lise Sande som har laga, og den vert å sjå rundt om kring i distriktet framover!
Like fargerik som plakaten er blir damekoret med sine flotte kostymer.
Så folkens, ta turen til Ørsta kulturhus ein (eller fleire...) av desse kveldane:
Laurdag 6.mars *** Torsdag 11.mars *** Fredag 12. mars